Øye som ser

...og det ser stygt ut

tirsdag, mai 16, 2006

?

"Hvordan skrive hjemmeeksamen"

Guddommeleg inspirasjon, kom til meg no

mandag, mai 15, 2006

Eg likar min nye rosa blogg

!!

Heime att, med forkjølelse, utslett og lærhud på føtene men forhåpentlegvis uten varige men. Ikkje spesielt brun og ikkje særleg stø i spansk heller så ein del er nok skuffa.
Men våren i Noreg er herleg, til tross for 5 grader og surt regn!

lørdag, mai 06, 2006

Siste helga!

Byrjar aa bli folketomt paa Casa Santiago! Ein heil gjeng dro i natt, inkludert min kjaere sambuar Merete. Heilt aleine paa rommet med lyn og regn og utan straum, det vart litt for mykje for meg, saa eg romte til eit meir bebodd rom. Brr. Det spokjer hos oss, skjonar de. Det er ikkje tull!Federico som jobbar paa huset har opplevd masse gufne ting naar han har vore aleine her. Og nicaraguanske spokelse er mykje skumlare enn norske!
Pakken min kom i dag! Sterkt etterlengta. Maatte springe paa postkontoret og hente han for det stengte. Det har forresten hagla med pakkar i det siste, rart koss ting har ein tendens til aa dukke opp i siste liten. Og bra var det, beste olabuksa mi i den pakken! Og sangboka mi! Letta!
No skal eg springe rundt i byen og ta bilete av alt og alle. Og saa maa eg vel heim og pakke antageleg.

tirsdag, mai 02, 2006

One to go

Vel overstaatt skriftleg..paa fancy hotell(noko anna enn nidarohallen ja). Gjekk stort sett bra, eigenkomponert tekst aa greier. Arti at eg har laert meir spansk paa tre maanader enn tysk paa 5 aar.
Bra aa ha ein dag fri for muntleg. Tru no det skal gaa glatt og eg. Skal berre prate om eit museum vi har vore paa og ei bok vi har lese.
Og eg har faatt meg gitar! Made in Nicaragua! Men korleis eg skal faa han med meg heim er no ein sak for seg sjol. Eg har eit pakkeproblem.
Til opplysning saa er beregna ankomsttidspunkt til Noreg 9.mai kl.15.00 lokal tid. Og det er Oslo altsaa.Kjem vel heim til vakre Orkdal ca. kl. 09.00 neste dag. Viss ikkje eg rotar med tidsforskjell og slikt no. Heime om ca ei veke iallefall. Oioioi. Haha, det var forresten litt arti, Nicaragua hadde ikkje bestemt seg heilt om dei skulle stille klokka ein time fram eller ikkje i gaar, saa det kunne vorte litt rot med eksamen. Men dei fann no ut at dei skulle gjere det da. Trudde no kanskje at stilling av klokka var ein slik fast greie kvart aar, men det var vel ikkje det da. Folk gjer saa utruleg mykje rart her at det er nesten litt arti. Snodig land, snodig folk.
Akk ja, kjem nok til aa sakne Leon ein smule, til tross for at det er ein glovarm, stovete, treig by med hol i fortauet og ekle kjeksdamer som folgjer etter oss paa byen og drittmenn som kallar oss gringas og drittgutar som ranar oss og smaaungar som kastar stein,og kyrkjeklokker og all slags alarmar som ular klokka 6 kvar dag og reggaeton paa umenneskeleg volum til alle dognets tider og feiring av alle mulege helgenar sine bursdagar, til alle dognets tider det ogsaa og at ting generelt tek veeeldig lang tid, men dog, det er no vel ein bra plass aa bu tross alt.

lørdag, april 29, 2006

Hm..

Siste dag paa skulen i dag! Siste busstur til skulen, siste lunsj, siste lesestund i vind fra havet og siste gaatur paa stranda..To dagar til eksamen. Eg tek det meir med ro enn eg kanskje burde. Maa berre laere meg forskjellen paa dei to preteritumsformene forst, saa gaar det nok bra.
Har vore paa veggisrestauranten og feira litt med til og med sjokoladekake til dessert. Den restauranten skulle eg gjerne tatt med meg.
Er litt rar stemning no, litt glede seg til ein skal heim men kjem til aa savne staden aa nei vi kjem til aa gloyme all spansken med ein gong og vi gruar oss til eksamen og vi har eigentleg ikkje lyst til aa dra riktig enno, men duverden saa godt det blir aa sova i si eiga seng med tjukk dyne og fryse og gaa med vanlege klede og ha norske kroner i lommeboka og kunne spraaket og vere heime-stemning. Og varmt vatn i dusjen. Og ordentleg mat(herlighet magen min kjem til aa faa sjokk).

tirsdag, april 25, 2006

Jadajada

Oi for eit tiltak det er aa oppdatere bloggen sin. Eg er ein daarleg bloggar. Faar skylde paa eksamenslesing. Uansett, kort oppsummering av paaskeferien; ca to veker paa Utila, ei lita oy i det karibiske hav med ustabil strom, tomme minibankar og eit mygg/sandfluehelvete uten like..men dog, ei av dei betre paaskene som har vore, vil eg absolutt seia. Sjolvsagt kom vi oss ikkje heim til planlagt tid, men kva gjer vel det.Vi har dykka, nokre fekk lappen og andre fekk han ikkje. Eg seier berre det at det er ingen spok aa puste fraa ein tank under vatn med alskens skumle havdyr snikande rundt. Men eg fekk no dykka litt iallefall, og sett skilpadder og alt muleg. Men skummelt var det. Utila er ei sjarmerande lita oy stort sett uten bilar, men med ein viss fare for aa bli meia ned av sykkel eller golfbil. Fekk lite bruk for vaare glimrande spanskkunnskapar, i og med at dei fleste oybuarane snakkar ein type rar engelsk.
Etter atskillig kjolegare klima og til og med litt frysing om natta var det eit lite sjokk aa kome tilbake til bakarovn-Leon. Uansett, vi hadde det veldig fint i paaska, og ja eg maa oppdatere meir saa slepp eg aa faa daarleg samvit for at eg eigentleg ikkje gidd aa skrive noko meir om dette akkurat no, skal fortelje naar eg kjem heim.
Eksamen lurer rundt svingen, naerare bestemt skriftleg paa mandag og muntleg paa onsdag klokka fire. Det gaar nok fint. Ikkje supert, men eg skal nok ro meg i land denne gongen og.

Ellers har opptil fleire uvante ting skjedd, snille Anne Guri har vore i Esteli og handla grovt, okologisk brod, og i gaar kveld regna det. Her er gleda stor over smaa ting.
Og eg byrjar omsider aa faa taket paa baade konjunktiv og futurum. Hurra!

mandag, april 03, 2006

Paaskeferie! (Litt paa forskudd)

Da stikk vi til Honduras! Er ikkje garantert at eg faar til aa skrive saa mykje medan eg er der, men foelg no med likevel. God paaske til alle!

Bilde



Nokre bilde fraa Costa Rica..sorry at eg er veldig daarleg paa aa legge ut bilete, men det er ikkje alltid datautstyret her nede er saa veldig paaliteleg. Saa det.
Det var veldig fin strand i Tamarindo.
Miriam, Ewa, Bente og Tina er troette, men blide for det! Utanom Ewa. Svenske-Karin befinn seg ein stad utanom bildet.